8. okt. 2025

Heildagstur på Lindisfarne





Lindisfarne har ikkje berre klosterruinar, men også eit lite slott på ei høgd. Me hadde jo fleire timar til rådigheit, så me traska roleg bort mot slottet. Kult at dei har snudd gamle båtar til å lage små hytter, og det var ikkje berre oss som sat og slappa av på ein benk. Lesing på ein benk blei det tid til, eit lite sjølvknips er eit must, og kjekt med eit bilete av oss som nokon andre tok då dei gjekk forbi. 
 






Slottet er frå 1500-talet, men som ved klosterruinane, kostar det ein viss sum for å komme innanfor murane og sjå. Me hadde allereie betalt for å ta ein titt på ruinane, og stod difor over sjølve slottsplassen. Men ein titt på ein minibokhandel i ein snudd båt, var vel så gøy! Og alle dei vakre steinane langs stranda, i mange formar, fargar og fasongar, her kunne eg vore i timevis. 
 






Ikkje langt unna slottet, fann me ein liten hage der me verkeleg fann leseroa. Lesing på ferie er for oss noko av det som gjer ferien. Elles var det koseleg å berre gå rundt i dei små gatene, sjå blomane og eit lite postkontor, og Pilgrims Coffee House and Roastery blei det siste stoppet der me las endå meir (tihi), drakk kvar vår kaffi og delte eit kakestykke. Fin dag ute på ei unik og heilag øy.

Legg igjen ein fin tanke