Etter å ha komme heim frå orkesterøvinga i går, rydda me og gjorde reint i heimen, og mannen min sa at "tenk, dette blir siste gongen me støvsuger leilegheita medan me bur her". Og det er litt rart, på ein måte også sentimentalt sidan me har budd her såpass lenge. Samstundes er eg nokså ferdig med å bu i blokk, så akkurat no kjennest det ikkje så trist ut å skulle flytte (men spør meg igjen til helga). I butikken har me tidvis hatt det travelt, særskilt med alle julevarene som er komme og skal på plass rundt om i lokalet. Joda, eg synest det er litt vel tidleg, men det er no slik det er. Midt oppi pakkinga no i helga, har me spelt konsert med orkesteret, med andre ord har det vore nok å gjere:
✦ starte veka roleg med kaffi, pledd, ullgenser og ei bra bok
✦ morgonhimmelen på torsdag, og eg stoppa å sykle for å kunne nyte synet litt ekstra
✦ høyre fuglane syngje på veg til jobb
✦ endå fleire fargerike motiv i øvingslokalet der me øver med orkesteret
✦ nyttig og kjekt å lese at musikk og det å spele eit instrument er bra for hjernen
✦ haustleg tre mot ein gyllen solnedgang
✦ sollyset inn i leilegheita vår
✦ lage god laurdagspizza og sjå ein bra film
✦ 2020-versjon av "Seasons of Love" frå RENT med originalbesetninga
✦ tilbakeblikk på ei fin, lita stund ved stranda i Bamburgh i juli
✦ innmari gøy å høyre Maria Parr lese høgt si eiga bok Oskar og eg – Alle tinga vi har (lydbok, altså)
✦ pakke, pakke, pakke – berre fem dagar til me tar over den nye bustaden
✦ Jane Austen og afternoon tea i ein og same video frå Miranda
✦ likte godt B. K. Borisons bok First-Time Caller, ein moderne versjon av filmen Sleepless in Seattle
✦ ei veke sidan ein nydeleg haustbiltur mellom vest og aust
✦ to øvingar og sidan konsert med orkesteret
✦ asfaltfint etter ein regndag
✦ alltid fint med eit glimt av Haru som den skjønnaste lille kattepusen
✦ prate med ein kunde om det å byggje bokdiorama
✦ å, alle bøker kunne ha hatt slike fine sider ("sprayed edges") viss du spør meg ;)
✦ haustfargane ute no, på buskar, bakken og trea
✦ bøkene til L. M. Montgomery er ei glede å lese og eg koste meg med The Road to Yesterday


Legg igjen ein fin tanke