19. okt. 2025

Gullkanta morgonar og kveldar






Sukk. Eg kan ikkje anna enn å sukke, i positiv forstand, for denne veka har det vore så utruleg mange heilt nydelege soloppgangar og -nedgangar. At oktober kan vere så fin! Har også nytt alle fargane ute på trea og på bakken når eg har gått og sykla til jobb, og det er ei sann glede å sjå alle nyansane. For vår del var helga nokså travel: me reiste av garde rett etter jobb på fredag sidan me skulle i konfirmasjon på Langhus på laurdag. Laurdagsmorgon måtte me gjere litt om på planane, så etter festen i går, overnatta me hos tanta mi i Åsgårdstrand i staden for i Oslo. Mykje køyring og like mykje lesing og ei ekte roadtripliste. Kanskje litt kort oppsummert denne sundagen, eg kunne lett ha skrive ein heil haug, men kjenner det skal bli godt å leggje seg i vår eiga seng igjen no snart:
 
✦ veldig gøy å gjenlese Tordyveln flyger i skymningen, denne gongen på originalspråket
✦ lesing i soloppgangen då eg tok bussen til jobb ein av dagane 
✦ treffe slekt og kjentfolk i gårsdagens konfirmasjon 
✦ ein superliten kattunge som ikkje lar den store hunden få sove i fred 
✦ asfaltfint, oktoberutgåve 
✦ og haustfargane! 
✦ sjå to stilige veteranbilar i helga 
✦ alltid store smil når me skal prøve å posere i finstasen ;) 
✦ overnatte hos tanta mi i Åsgårdstrand, og få prate ein del med ho 
✦ eg liker verkeleg Ann Cleeves sine bøker, og The Rising Tide skuffa ikkje 
✦ varm og gyllen solnedgang då me køyrde til orkesterøvinga tysdagskveld 
✦ kjekke hotelltips om ein skal feriere i Noreg og ønskjer ei unik overnatting eller to 
✦ me hadde fint vêr i helga, og det hadde me også då me køyrde langs Vestlandet førre sundag 
✦ prise flotte klassikarar 
✦ alt lauvet som ligg på bakken rundt Mosvatnet 
✦ solnedgangen då me køyrde austover etter jobb på fredag
✦ får ordentleg lyst til å sjå sceneversjonen av musikalen Merrily We Roll Along
✦ alltid like fint å høyre "Six Ribbons" på radioen medan me et frukost 
✦ fuglesong om morgonen gjennom vindauget 
✦ kaffi med soloppgang og nydeleg utsikt på hotellet i går morgon (Quality Hotel Skjærgården) 
✦ koseleg biletebok om dei søte pingvinane Kringle og Finn som er ekspertar på bryllaupskaker

Legg igjen ein fin tanke