Regnbogen såg me langs E18 på laurdag, alle dei andre bileta er frå turen vår mellom Oslo og Sjøholt i går. For trass fleire regnbøyer, blei det eit par timar med solskin langs vegen, og haustfargane fekk verkeleg skine. Me var ikkje like heldige på laurdag, på grunn av stormen "Amy" som framleis ikkje hadde lagt seg heilt, men den kraftige regnbogen var jaggu meg litt av eit syn. Over Dombås og ned til Åndalsnes, var det gult og grønt og raudt og oransje over det heile, og sjølvom eg sat med boka i fanget, måtte eg titte ut vindauget jamt og trutt (for som Anne i Anne of Green Gables seier: "I'm so glad that I live in a world where there are Octobers."). Og ikkje minst den vakre solnedgangen over fjellet før regnet til slutt kom og følgde oss den siste timen, det er det eg kallar oktobermagi.
6. okt. 2025
Tonar av haust under ein biltur

Abonner på:
Legg inn kommentarer (Atom)
Legg igjen ein fin tanke