Som du kanskje skjønte av gårsdagens innlegg, har det gått i eitt dei siste dagane. Men det gjer ikkje så mykje så lenge det er kjekke ting og me på førehand hadde lada batteria. Så kor skal eg starte når eg no skal prøve å oppsummere årets haustferie? Tihi, det er jaggu meg ikkje berre berre, for det er så mykje eg gjerne vil nemne. Dei fyrste dagane på Sjøholt, slappa me godt av med mykje lesing, ein spasertur ned til sentrum (før regnet slo til for fullt), kaffi, prat og generelt inneaktivitetar. Bruktbutikk og kafébesøk blei det også tid til før me drog til Trondheim på torsdag. Eg skulle besøke ei veninne (me skulle på musikal!) og mannen min skulle besøke ei tante. Å, så fint det var å besøke bartebyen, om enn berre for ei lita stund. Tilbake til Sjøholt på fredag, og i går køyrde me til Voss. Mykje, og då meiner eg mykje, regn på bilruta dei siste dagane, og det gjorde så enormt godt å få sol langs siste delen av heimturen i dag. Ein feriekveld her heime før kvardagen kjem i morgon:
✦ Agatha Christie er ingen tvil krimdronninga, og eg koste meg med å lese Mot nullpunktet
✦ senke skuldrene
✦ etter nærmare fem år med venting, var det supergøy å lese Sølvbåren, bok nr. fire om Morrigan
✦ mange kjekke og fine haustbøker og andre haustlege ting frå Miranda
✦ vestlandsk natur
✦ er blitt så utruleg glad i den koselege kaféen Stolt Mat i heimbygda til mannen min
✦ stikke innom bruktbutikken på Kyrkjetorget
✦ lille Olive som pratar i eitt sett, så innmari skjønn
✦ lesing på bøljan blå på veg til Trondheim
✦ alle dei gamle detaljane på Fleischer's Hotel i Voss, for det var der me overnatta i går
✦ Dominic Monaghans minneverdige ord til Patricia Routledge som nyleg gjekk bort
✦ morgonar med kaffi og flott utsikt trass gråvêr
✦ kvit dør og grøne karmar, akkurat som huset ute på Prince Edward Island
✦ kvit dør og grøne karmar, akkurat som huset ute på Prince Edward Island
✦ ingenting slår originalen, men sjekk ut denne kule versjonen av "Bohemian Rhapsody"
✦ vere i lag med ei av mine beste veninner i Trondheim, og det var prat, restaurant, latter og musikal
✦ utruleg stort å endeleg sjå RENT live på ei større scene!
✦ sauar i solnedgang ved ei av dei vakraste utsiktene
✦ "Min favorittmusikk" med Vegard Bjørsmo som no speler i RENT – mange flotte songar
✦ lyset og Låtefossen, magisk å køyre forbi der i dag
✦ svømme og bade på hotellet i går før me åt ein god middag
✦ sukk, så mange flotte haustfargar langs vegen no når me har køyrt i ferien
✦ Bokhandelen i
fyrtårnet med skotsk landskap, mysterium, camera
obscura og ein dæsj kjærleik


Legg igjen ein fin tanke