5. okt. 2025

Gjenlese ein klassikar og sjå om igjen ein favorittmusikal







For berre eit par timar sidan, kom me fram til svigers på Sjøholt. Me har nemleg haustferie og har dimed køyrt av garde med leigebil, fyrst til Oslo og så over fjellet til Sunnmøre. Heldigvis gjekk det greitt å køyre trass eit par siste bitar av stormen "Amy". Grunnen til at me fyrst drog til Oslo, var at me skulle sjå musikalen The Book of Mormon. Joda, eg såg den heile tre (!) gongar då den gjekk på Det Norske Teatret, men det byrjar å bli ein del år sidan, og denne gongen var det på Folketeateret. Som me storkoste oss, rett og slett supergøy! Ein heil haug med varer å prise på jobb samstundes som me skulle få ut nye ting på allereie fule bord, så det var nok å halde på med dei dagane eg var der før ferien byrja i går. Klokka har passert ti, og det er på tide med ei liste på ein sundag:

✦ gjenlese finaste The Railway Children i samband med Mirandas bokkklubb
✦ morgonlyset over naboblokka i byrjinga av veka
✦ hestekastanje og raudt blad, to ekte haustteikn
✦ balkonglesing på tysdag
✦ og ikkje berre lese Nesbits bok, men også høyre Mirandas vlog om boka
✦ stor og flott regnboge i går då me køyrde til Oslo
✦ "Ruster opp gammel kjærlighet" – tenk at BBC-versjonen av Pride and Prejudice er tretti år
✦ haustfargane langs E6
✦ sjølv om Mord på øya ikkje slo heilt an, er det alltid kjekt med ein kosekrim
✦ høyre på mykje bra musikk medan me har vore ute køyretur 
✦ Olive og papir, det er tingen 
✦ prøve ei ny kakeoppskrift då me skulle bake til orkesterøvinga (og den blei ganke god)
✦ koseleg å prate litt med kjentfolk på jobb 
 gyllen solnedgang på veg til orkesterøvinga
✦ ei liste med filmmusikk, mellom anna Cinema Paradiso, Ringenes Herres, Up og finaste Once 
✦ noko får ein igjen for å pugge det fonetiske alfabetet som lita: måndagens Rød tråd-oppgåve 
✦ fiolett hortensia, siste lille rest av sommar 
✦ ja, takk til fleire bøker med såkalla "sprayed edges"
✦ Northumberland om hausten, det ser så utruleg vakkert ut! 
✦ superduper gøy å sjå The Book of Mormon på Folketeateret i går
✦ og måtte jo juble litt ekstra då orkesteret kom på scena sidan me kjenner trommisen :) 
✦ likte godt alle korpsreferansane i Helga Flatlands Så gjør vi så 

Legg igjen ein fin tanke