Heile tre gongar såg eg The Book of Mormon då den gjekk på Det Norske Teatret for ein god del år sidan (her kan du lese om den siste gongen), og det skal noko til å toppe den oppsettinga. Men gurimalla, eg må seie at Scenekvelder nok ein gong har produsert ei heilstøypt forestilling som treff akkurat der den skal, min trettande musikal på Folketeateret! Latterkule etter latterkule, for alt og alle blir gjort narr av på eit akkurat passe drøyt nivå. Jakob Schøyen Andersens eldste Price er herleg naiv og stemma hans får verkeleg vist seg i songen "Ja, jeg tror", Mimmi Tamba overbeviser stort som Nabulungi (eller Duolingo eller Nespresso) og Snorre Kind Monsson berre ER eldste Cunningham i alt han gjer! Steppenummeret var ei sann glede (ja, takk til meir stepping!), det var kule visuelle effektar, og det er like kjekt kvar gong å juble litt ekstra når orkesteret kjem på scena. Eg kjenner jo han som speler perk og trommer, så det er det litt ekstra stas å klappe høgt ;) Fram til 2008, var det her Den norske opera heldt til, og det er mykje historisk sus i detaljane i bygget. Til slutt: takk til den finaste mannen, han som kanskje ikkje er like gira på å bli tatt bilete av, men som i alle fall blir med år ut og år inn for å sjå slike forestillingar med ei musikalnerdete kone!
7. okt. 2025
Latterkule av ein musikal

Abonner på:
Legg inn kommentarer (Atom)

Legg igjen ein fin tanke