22. okt. 2025

"I dag er alt vi har" 🎶






Eller "No day but today" som dei syng i originalen. I haustferien tok me oss ein køyretur til Trondheim: han for å besøke ei tante og eg for å vere i lag med ei av mine beste veninner, og endeleg fekk eg oppleve RENT! Musikalen var på Trøndelag Teater, og no har eg altså sett alle mine favorittmusikalar live på ei større scene! Sidan eg fyrste gong såg filmen og høyrde og song desse songane på folkehøgskulen, er det ein musikal som har vore med meg vidare i livet, og det var stort å få høyre den med levande band og ensemble. Skodespelarane og bandet imponerte i alle ledd, og det var både gåsehudfaktor, latter og tårer som rann. Før me drog til teateret, åt me ein superb trerettars på Le Bistro. Steinsopp- og kantarellraviolo til forrett, bakt blomkål til hovudrett og ein bronwiebasert dessert med bringebærsorbet og pistasjkrem, dette smakte heilt fortreffeleg. Atmosfæren på restauranten var akkurat slik me liker det, og me prata og lo i eitt sett. Likte meg dessutan godt på Trøndelag Teater, og det var ei litt magisk stemnig ute då me spaserte siste stykket heim til veninna mi si leilegheit – tusen takk for ein kjempebra og superfin kveld med besteste deg, du veit kven du er! ;) Og til slutt eit lite bilete av programbladsamlinga mi av musikalane på Folketeateret. Alt skal jo ned i flytteesker no, og medan eg samla dei i ein haug i går, var det litt artig å leggje dei ut og sjå kva musikalar eg har sett i det gamle operabygget – tretten totalt! Kva er favoritten?! Det er vanskeleg å seie, men eg kjem aldri til å gløyme kjensla av å oppleve Billy Elliot, den fyrste musikalen me såg på Folketetateret med Scenekvelder som produsent. 

Legg igjen ein fin tanke