18. okt. 2023

Telthusbakken på ein ekte haustdag




Utsikt frå hotellrommet som me budde på i helga. Alle dei nydelege haustfargane mot den lyseblå hausthimmelen! Som førre gong me to var på tur saman, nemleg i mars, var me superheldige med vêret. Etter kafébesøket gjekk me til Grünerløkka (tihi, igjen). Der er det så mange kjekke butikkar å titte innom, rett og slett ein koseleg plass i hovudstaden som eg kan besøke igjen og igjen. Og som i mars, gjekk me via Telthusbakken på veg tilbake til hotellet. Alt det flotte haustlauvet som eg såg overalt, både grøne og gule tre hengjande over Akerselva, det var hauststemning de luxe.

3 fine tankar - legg igjen noko fint du også

Anonym sa...

Herlige Telthusbakken! Du får alltid fram de fine sidene av den gata igjennom bildene dine. Ren nostalgi for meg, som du vet! :D

Anna sa...

Hilsen Anna, glemte jeg å få med!

Silje sa...

To musikalhelger i lag med veninna mi og begge gongane endte me opp med å gå opp Telthusbakken :D For det er verkeleg fint der, så fint at ein må stoppe opp for å prøve å fange stemninga :)

Legg igjen ein fin tanke