24. okt. 2023

Musikalsk kveld på den raude mølle




Filmen Moulin Rouge frå 2001 har eg sett fleire gongar. Kan ikkje hugse sist eg såg den, så det er nok ei stund sidan, men songane kan eg enno. Veninna mi og eg sykla til dansetimar og gaula på "Elephant Love Medley" og "Come What May", og Nicole Kidman og Ewan McGregor er den perfekte duoen. Tidlegare i år såg me Så som i himmelen på Oslo Nye Teater. Ikkje lenge etterpå fann me ut at Moulin Rouge! The Musical skulle bli sett opp på Chateau Neuf. Saken var klar: dette måtte me få med oss! Forestillinga skuffa ikkje! Mange nye songar, ein del av dei gode, gamle frå filmversjonen, dyktige artistar, stilig koreografi og flott scenografi. Eg tar gjerne ein ny musikaltur med deg, du veit kven du er ;) Før musikalen åt me på Frenchie ikkje så langt unna teateret (tihi, fransk restaurant var jo eit ypperleg val til ein musikal sett til Frankrike). God middag, crème brûléen var heilt ypperleg og me slappa av, koste oss og berre prata. Ein alle tiders musikalkveld!

Legg igjen ein fin tanke