2. okt. 2023

Bagarstugan



 
20. juli var den siste dagen på Åland. Ikkje var det ein heil dag heller, for utpå ettermiddagen skulle me ta båten frå Mariehamn til Stockholm. Men me hadde ein fin køyretur frå Eckerö til Mariehamn, leverte frå oss bilen, var innom nokre butikkar og sidan var det lesestund på den koselege kaféen Bagarstugan. Blondegardiner og blometapet, gamle møblar og (kanskje) endå eldre tekanner, kvar vår gode cappuccino og kake på deling – det var eit par fine siste timar på koselege Åland.

Legg igjen ein fin tanke