8. mars 2023

Telthusbakken på ein ekte solskinsdag


Å, eg kan nesten ikkje skildre kor flott me hadde det i Oslo i helga. Sola skein på himmelen, høgt der oppe, varma oss i andleta. Ho og eg hadde nokre butikkar me ville innom, men elles hadde me ikkje store planar utanom musikalen. Berre så herleg å traske i gatene, drikke ein kopp med god cappuccino medan me gjekk vidare i solskinet. Gjekk opp Telthusbakken og berre titta på dei gamle, fargerike husa. Alle vinklane mot den blå himmelen. Ein liten selfie av to blidfisar og ein tur over Akerselva. Togturane og sjølve musikalen var også alle tiders, eg kjem tilbake til det. Kanskje neste veke, for må fordøye den knallfine helga i lag med ei veninne eg har kjent sidan barneskulen.

2 fine tankar - legg igjen noko fint du også

Anna sa...

Sikkert det et av de koseligste stedene i Oslo! Her har jeg gått forbi utallige ganger på vei til akupunktøren, ruslet med venninner og trillet tur med sønnen vår. Så fine øyeblikk og så fint vær dere fikk :)

Silje sa...

Hugsar eg har vore der ein gong før, også då i veldig bra vêr. Me var rett og slett superheldige no i helga og hadde det så flott med å berre gå rundt, prate og ha god tid :) Ønskjer deg ei flott helg!

Legg igjen ein fin tanke