10. okt. 2023

Stockholm-Göteborg-Ski




Nærmar meg slutten på å fortelje (med ein ordentleg biletehaug) om årets sommarferie. Etter ei natt i Stockholm på eit greitt hotell, fekk me i oss god frukost og sidan gjekk toget til Göteborg kl. halv ti. Utanfor togvindauget fauk landskapet forbi, eit landskap med kornåkre, raude hus og kyr. I Göteborg hadde me nokre timar på togstasjonen, og då blei det både lunsj og ein kaffipause. Og neida, me sat ikkje og song i stillevogna på veg til Noreg, det berre ser slik ut på biletet ;)




Som musikalturen i september, fekk me overnatte hos svoger med familie – nattog med banearbeid var ikkje aktuelt. Sidan me skulle overnatte hos dei, tok me ikkje toget heilt inn til Oslo, men gjekk av i Ski der me blei henta. Regnet bøtta ned, og då var det ekstra fint å komme i hus og helse på dei fine kattane. Trur me begge sette pris på taco til middag og sidan roleg kveld med mykje prat.

Legg igjen ein fin tanke