22. okt. 2023

Gylne kulørar over heile fjøla




Til og med bileta i sundagslista er full av haustfargar denne gongen! Mello anna ser eg at bokbileta mine er i haustlege tonar, og det er eigentleg berre det eine som er tatt slik med vilje. Men sånn kan det gå når oktober er her, tihi. Eg har prøvd å lande etter den fine musikalhelga i Oslo samstundes som det kjennest som om verda går av hengslene. Eg trur ikkje eg er aleine om å synest at det er mykje leit som skjer for tida. Prøver å lage meg lune morgonar, gå turar når sola skin, lese kjekke bøker. I byrjinga av veka var mannen min av garde på seminar, og det var godt å få han heim igjen. Elles følgjer med på jobbmarknaden, og helga var roleg, noko eg trur me begge trong. Rett under har eg samla opp vekas – i mine auge – høgdepunkt, akkurat slik eg pleier å gjere om sundagane:
 
togmordklassikaren Mord på Orientekspressen blir eg aldri lei av å lese
Vannassen med majestetiske svaner 
oppdage Filmoteket
og der sjå filmen Peanut Butter Falcon – ein ordentleg fin og hjartevarm film
liten tur innom kunstmuseet med ei veninne der det både blei kunst- og kafébesøk
at L. M. Montgomery (ein som spelte forfattaren, altså) var med i ein Murdoch Mysteries-episode 
lenge sidan førre gong me var innom IKEA, på torsdag blei det ein tur innom før REKO-ringen
solnedgangen over Forus då me henta varene på nettopp REKO-ringen
høyre på albumet frå musikalversjonen av Moulin Rouge
rev på rømmen frå Bastøy, synest denne var litt artig
Harmels Skogens usynlige stjerner er kanskje ikkje hennar beste, men likevel ei fengande historie
medan Gjentakelsen av Vigdis Hjorth var ei meir rå og kort leseoppleving 
eit enkelt raudt blad på eit tre blant alle dei grøne blada
og denne saka om seks år gamle Johannes som sette opp eigen revy, var berre herleg
varme skuggar frå eit tre fullt av små, gule haustblad
gå til byen i solskinet
altså, pusane Bami og Dami er rett og slett heilskjønne, eg smeltar heilt!
vise fram den kule T-skjorta som eg nyleg strikka ferdig 
avslutte helga med å høyre litt på ein konsert frå Hovedscenen
fin akvarell og solskin inne hos Ei blå stugu
sola som laga skuggespel på stoveveggen vår fleire av dagane
lun helgemorgon med stearinlys, bok, kaffi og eit par bitar god sjokolade

Legg igjen ein fin tanke