5. okt. 2023

Spaserturglimt




Kameraet er som regel med meg når eg er ute og går, for sjølv om hausten er her med fleire grå dagar, er det likevel mykje fint å få auge på. Her om dagen var det ei svane og eit andepar som plaska rundt aleine i ein liten dam. Sola titta fram bak skyene og mellom tre som enno hadde grøne blad. På bakken låg det eit stort blad fullt av regndropar – hauststemninga kjem krypande – og ikkje langt unna fekk eg plutseleg auge på ei stor, flott fjør i både grått, kvitt og svart. Eg veit ikkje, den var berre så vakker der den låg blant alt det grøne og brune, ein mjuk kontrast blant det litt skarpe.

Legg igjen ein fin tanke