8. okt. 2023

Bokbilete i fleng





Tihi, ser det blei mange bokbilete i dette blogginnlegget! ;) Men det speglar lesegleda mi for tida, for eg har verkeleg lese mange gode bøker i det siste. Små kvardagsturar har eg fått gått sjølv om det byrja å regne då eg var på veg heim etter ein av dei; eg såg ut som ein drukna katt. Klarte no å le litt av det om ikkje anna. Good Omens er framleis ein av dei beste seriane, Crowley og Aziraphale, sukk. "Listen. Hear that? I don't hear anything. That's the point. No nightingales.". Litt så som så med orkesterspelinga – eg trur forestillinga blir bra, men for oss på grovmessing er det mykje ventetid og litt lite å øve på. Men av og til er det sånn. Det er litt opp og ned for tida, og då var det kjekt med ny tur til biblioteket på fredag og herleg sundagstur i nærområdet (sola skein og varma sjølv om det var under ti gradar). Og når eg ser på lista under, er det eigentleg ganske mykje kjekt frå veka mi:
 
Tore Renberg nyaste bok, Lungeflyteprøven, fortener alle dei gode meldingane den har fått
tinge billettar til Adam Douglas sin julekonsert
lesepause ute i sola etter ein liten tur
høyre på albumet Chess på norsk på Spotify
grøne blad og raude bær, akkurat slik det pleier å vere om hausten
regndropane på stovevindauget
å, for ein vakker raudstrupe
trasketur innom Mosvatnet der endene svømte rundt i dammen 
hente bra lokalvarer på REKO-ringen på Forus
joda, det er ein eldre video, men Ylvis-songen "Sammen finner vi frem" er akkurat passe morosam
cappuccino og lesestund på kafé etter bibliotekstur
små regndropar på små, haustfarga blad
boka Oskar og eg av Maria Parr var ei sann fornøying å lese
og sjå andre sesong av nettopp Good Omens for andre gong: "You idiot. We could have been... us." 
David Tennant og Michael Sheen, altså – artige klipp frå sesong ein og to av Staged
sundagssola som skein inn på veggen og lyste opp både bileta og plantane våre
og etter å ha lese ei stund etter frukosten i dag, kom eg meg ut i den herlege haustsola 
stor hund i lag med små kattar, og her er endå ein søt video
gøy å lese om trommisen Veslemøy
laurdagstaco og Disney Pixar-filmen Elemental, den var både rørande, fin og herleg
ny krimbokserie av Ann Cleeves: bok nr. ein i Two Rivers-serien, The Long Call, var kjempebra!

Legg igjen ein fin tanke