Geitene ved Gausel fritidsgård, dei er ordentleg søte! Og kule. Både dei små og dei store, dei som stod på haugen og trudde dei var kongar og dei som var inne og hadde fått parykk på houvdet ;)
På sundag gjekk me nemleg ein liten tur i området der broren min bur, og då måtte me jo ta turen innom fritidsgarden. Alpakkaen var mest opptatt av å ete noko mat – som du sikkert ser – men også eg måtte klappe den søte geita. Helste på eit par sauar også, syntest den gamle traktoren var ganske så kul og påfuglen fekk spankulere så fint i det grøne graset. Kort tur som likevel var veldig bra.
Legg igjen ein fin tanke