1. okt. 2023

Ikkje berre solsikker, men også tusenfryd




Både den nye toppen og solsikkene har du jo allereie sett fleire bilete av på bloggen denne veka, men eg må jo ha med litt av det i sundagslista likevel, eller kva?! ;) For det er det sundagslista heile vegen har handla om: ei vekesoppsummering med alle dei der små kvardagsgledene. Små turar ute når det ikkje har regna for mykje, lage kake til orkesterøvinga berre fordi, søke på ein jobb, alle dei fine lesestundene (for det er ganske mange bøker som ligg i lesehaugen for tida) og høyre på fleire av spelelistene mine medan eg les, den siste veka i september kjapt oppsummert. Kalenderen viser fyrste oktober, snart den andre. Snart er det natta, og sundagen avrundar eg med desse punkta:
 
fleire av essaya i Rereadings var kjekke å lese 
og krimboka Alle lyver av Camilla Grebe var eit hakk opp frå den førre boka i serien
Hugh Grant som dansar i denne scena frå Paddington 2
superdupernøgd med mi andre Sensommer T-skjorte 
diktsamlinga av Tusenfryd av Silja Strømme 
helse på og klappe ei av dei søte geitene ved Gausel fritidsgård då me gjekk sundagstur i dag 
Ole E. Antonsen som speler "Benedictus" av Karl Jenkins – akkurat slik eg høyrde den fyrste gong 
gjæsene og solsikkene på Ullandhaug, alltid fint å gå ein liten tur i det området
lukta av heimebakt brød
The Princess Bride med mellom anna Cary Elwes og Robin Wright – den er så innmari artig!
håper eg får sett denne filmen, Ola – en helt vanlig uvanlig fyr, den verkar så jordnær
kattane Bami og Dami er nokon av dei søtaste: berre sjå her og her, så utruleg nusselege
bake kake til orkesterøvinga og generelt får eit større bilete av prosjektet
lage pizza i går kveld og sidan sjå Disney-filmen Brother Bear (nokre tårer blei det, ja)
ein liten serie om Agatha Christie på NRK Nett-TV
og denne saka om kvifor det er ikkje er så enkelt å etterlikne sjølvaste krimdronninga
ny tur til biblioteket for å levere og låne bøker
fargerike utemøblar i lag med små, fargerike blomar på ein kafé i sentrum
byrje å sjå Good Omens 2 for andre gong (hjartesorg av montasjen "We could have been us")
prioritere gode lesestunder kvar dag 
stikke innom eit brukskunstutsal i går
etter gårsdagens lille utflukt: kaffi, pistasjknute og Vaffelfisken, årets Hele Rogaland leser-bok

Legg igjen ein fin tanke