30. okt. 2023

Sommarferiens siste etappe




Neida, eg har ikkje heilt gløymt å dele dei siste bileta frå Finlandstur, men det har vore så mykje anna bra å leggje ut her på bloggen i det siste (les: hauststemning). Men her kjem dei altså. Som du ser, brukte eg ikkje kameraet fullt så flittig, og den største grunnen til det var buss for tog mellom Oslo og Kristiansand. Tidleg frukost på Langhus før me tok toget til Oslo S kvart over åtte. Bussen til Kristiansand gjekk halv ti, og det var ein nokså keisam tur utan store utsiksthøgdepunkt. Litt lesing blei det i alle fall. Kluss med togvognene då me kom til Kristiansand, men me fann ein plass til slutt, og sidan var det berre å titte ut. Berg og små vatn, grøne tre og etter kvart det jærske landskapet med kyr og gardar. Me var framme i Stavanger fem minutt før tida, og det var slutten på ein kjempefin sommarferie med togturar i Sverige og Finland og nokre avslappande dagar på vakraste Åland.

Legg igjen ein fin tanke