11. okt. 2023

Gullbøker




 Joda, eg seier det ganske ofte, men det er like sant no: det er så utruleg mange gode bøker i lesehaugen min for tida! Nokre av dei er lånt frå biblioteket og har lang venteliste, dei les eg nesten fortare enn eg ville gjort til vanleg, tihi. Andre har eg på lesebrettet eller i bokhylla mi, og fleire av dei er bøker eg har hatt lyst til å lese ei stund, bøker som eg verkeleg koser meg med (fleire av dei frå biblioteket er også kjekke bøker, ikkje misforstå). Nyleg las eg ut Maria Parrs nyaste bok, Oskar og eg. Her er søskenkjærleik og søskenkranling, to onklar som bur i lag, sorg og glede om kvarandre, Halloweenfeiring, det å oppdage nye plassar og det å sakte, men sikkert bli eldre og lure på kvifor ting ein syntest var store før ikkje er det lenger; det er barns undring og deira måte å sjå verda på, alt utan å bli forklart for mykje, verda er slik den er. Og så har eg funne fram bok nummer sju og åtte i Vera-serien av Ann Cleeves. Gøy å lese vidare om Stanhope og dei andre politifolka i Northumberland, og Ann Cleeves skriv berre så utruleg bra og spennande! Under kan du lese eit par fine sitat frå Oskar og eg og eit frå The Moth Catcher, bok nummer sju i Vera-serien:
 
"Det er ein viktig forskjell på monster og tjuvar. Det eine finst, og det andre finst ikkje." (s. 16)

"Ho pakka dyna rundt oss, og var sånn i ansiktet som eg likar så godt. Sånn takknemleg, på ein måte.
Eg høyrde stega hennar i trappa då ho gjekk opp. Vindauget knirka. Elva susa utanfor. Og ved sida av meg snorka Oskar som ein pensjonist.
Eg tenkte litt på tjuvar, litt på dokosten og på pappa med steikepanna. Men så krølla eg meg inntil Oskar og flaut inn i søvnen." (s. 22)

"– Mamma?
Men mamma berre såg ut vindauget, sjølv om det var mørkt og ingenting å sjå. Eg flytta uroleg på meg. Då mamma endeleg snudde seg, såg eg at det hadde runne tårer på begge kinna hennar. Men ho smilte likevel.
– Veit du, Ida-mi? Ho er ikkje lita og teit, den hytta, sjølv om du trur det akkurat i dag, sa mamma. - For viss du blir veldig, veldig gammal ein gong, så gammal at du har opplevd nesten alt, så gammal at du ligg i senga di på sjukeheimen og tenker tilbake på livet ditt, då kjem den hytta du leika i saman med Arvid og Oskar, til å vere noko av det største og viktigaste av alt du hugsar." (s. 85)

"Men mest synest eg det er så fint å få sjå inn i gangen til folk og førestille meg korleis dei har det. Nesten alle vi ringer på hos, er naboar som vi veit kven er, men som vi kanskje ikkje brukar å besøke. Og eg synest det er så fint å stå utanfor slike nabodører, og så opnar dei og vi får ein liten gløtt inn i huset deira. Slik er det når vi sel lodd eller går julebukk, også. Ein stad er det koseleg, ein annan stad er det skummelt, ein tredje stad luktar det alltid kanel. Og når eg legg meg om kvelden, kan eg ligge og tenke på alle nabodørene og livet som er der inne." (s. 128)

"And while all those thoughts were rattling around in her brain something else was going on too. An excitement. Because this was a new case that was different from anything she'd ever worked before. Two bodies, connected but not lying together. And nothing made her feel as alive as murder." (s. 20, The Moth Catcher).

Legg igjen ein fin tanke