9. okt. 2023

🌺☀️




Tittar berre innom for å seie "hei", måndagen er snart over og ei ny veke er i gong. Hausten er – som nemnt i ein bloggpost førre veke – heldigvis ikkje berre mørke dagar, og det å komme meg ut i sollyset gjer så godt. Små, rosa blomar med bittesmå regndropar på, fuglelivet ved Mosvatnet og solstrålane som treff oss turgåarar, sjølv om eg ofte går dei same stiane, er dette syn som gjer meg glad kva dag som helst. No tenkjer eg at eg skal prøve å lese litt, for lesehaugen er ikkje blitt mindre.

Legg igjen ein fin tanke