29. okt. 2023

Godvêr i slutten av månaden



Sidan torsdagskveld og fram til i ettermiddag, har me hatt finaste krøllebølle på besøk. Både korte og litt lengre turar har det blitt, både med Balto no i helga og i løpet av veka generelt. Sola har titta fram fleire av dagane, siste dagane i oktober har vore fine. Eller, i går var det som om eg hadde stått opp på feil fot, "alt" var kjipt, men det kom seg etter kvart. Orkesterøving, jobbsøknadsskriving, (nok ein) gåtur til byen for å levere bøker og låne nye, lese i bøkene, meir haustfargar og vere i lag med Balto. Oktober går mot slutten, og det gjer også helga, så her kjem denne vekas sundagsliste:
 
som eg koste meg med å lese Den siste djevelen må dø, den fjerde boka om Torsdagsmordklubben 
sjå raudstrupe og toppmeis i nabolaget då eg var ute og gjekk meg ein spasertur
det har blitt mange bøker i det siste, og Rootbound er ei av dei eg nyleg har lese ferdig
tihi, dei bittesmå kattane Bami og Dami er kjempeskjønne i kvar einaste videosnutt
for eit fargespel på himmelen onsdagskveld 
ein haug av fargerike haustblad på eit tre
filmen Supernova med Colin Firth og Stanley Tucci er rørande om demens og kjærleik
og så køyrer dei mykje rundt i vakraste Lake District i filmen
kaffi, eit par makronar, finfin bok og kos med krøllebølle i går då ting var litt grått
kose meg med ein episode av All Creatures Great and Small, eg har verkeleg spart på sesong tre 
ny vlog frå finaste Jonna
garn frå Oslo Mikrospinneri i ein nydeleg raudlilla farge
likte godt boka The Very Secret Society of Irregular Witches Sangu Mandanna
for ein snill hund som prøver å vekke ein bustete, liten kattepus
lese diktsamlinga Jeg lar det være slik av Marianne Teie
gule og grøne blad mot ein blå himmel
kjekt å sjå at ikkje alle nye bygg er grå, keisame klumpar
oppdage at det var komme nye episodar av Verda rundt på skjener på NRK Nett-TV
framleis flotte blomar i den botaniske hagen
gå tur med Balto og min betre halvdel i Sørmarka tidlegare i dag
haustsola over Breiavatnet

Legg igjen ein fin tanke