1. sep. 2022

Piknik i den botaniske hagen





Når det er såpass varmt ein seinsommardag at ein berre må komme seg ut. Kjøpe gode rundstykke og noko søtt til kaffien hos bakeren på Brustadbua. Finne litt mat i kjøleskapet og leggje det ned i ei piknikkorg eg kjøpte brukt på finn.no (eller brukt og brukt, den var jo faktisk heilt ny og delane låg framleis innpakka). Hente piknikteppet og sidan dra av garde til den botaniske hagen. Tok ein kaffi frå jobben til mannen min – universitetet ligg rett ved hagen – og sidan finne oss ein plass på den grøne plenen. Blomar overalt, kvar vår bok og kaffi i en Mummi-kopp. Herleg seinsommardag!

Legg igjen ein fin tanke