4. sep. 2022

Andre veka i ny jobb




I to heile veker har eg jobba på Vitenfabrikken no, og kvar dag lærer eg noko nytt. Eg gleder meg til å komme på jobb sjølv om det er travle dagar. Kjekke folk å jobbe i lag med og ein herleg humor, ein jobb der eg ikkje treng å gå i turnus, ein kvardag som passar meg bra. Seinsommarkveldar med balkongliv, strikking og på tysdag var det fyrste orkesterøving for hausten. Sett av 29. oktober allereie no, for då skal me ha gallakonsert. Ein kjemperoleg laurdag og ein meir aktiv sundag oppsummerer helga vår. Mange bilete og ei lengre liste, det er på tide å dele denne bloggposten:
 
mi tredje Veronica Henry-bok, og eg likte godt Drømmehuset
solnedgang over naboblokka heilt på tampen av sommaren 
gøy å setje på Sibelius 3 Mil-videoen frå TwoSetViolin
stor og flott blome i den botaniske hagen
ete ute i Sandnes sentrum etter jobb på tysdag, og så orkesterøving etterpå 
lære noko nytt kvar dag og bli endå betre kjent med dei eg jobbar med
sjekk ut denne bileteserien frå VM i dødsing
øve på orkesternotane i lag med mannen min tidlegare i dag 
utandørskonsert i finvêret på Heddas gård i dag, kjempekjekt å sjå så mange folk
kjempekoseleg kafé og ein finfin dag inne hos Et katteliv
piknik i nemnde hage 
lese ute på balkongen både rett etter jobb og no i helga
søtaste Haru med eit litt trøytt morgonfjes 
sjå eit stilig kumlok midt i Langgata i Sandnes, og det er visst Turi Gramstad Oliver sitt design
laurdagstaco og filmen Follow the Fleet med Fred Astaire og Ginger Rogers
meir balkonglesing utpå kveldane i lag med mannen min og med lys frå lanterna vår
smiler godt av dette koselege bilete som Billy Boyd la ut i sommar (Ringenes herre, veit du)
strikke litt kvar kveld (for det er ikkje berre lesing det går i sjølv om ein skulle tru det)
artig å sjå endå fleire klassar bygge LEGO-bruer 
ei favorittbok, nemleg Anne of Green Gables, i mange vakre utgåver
lesing på toget både til og frå jobb, for meg har det blitt ei ordentleg kvardagsglede
syntest Rileys frittståande krimbok, Mordene på Fleat House, var bra og spennande

Legg igjen ein fin tanke