25. sep. 2022

Fyrste månad på Vitenfabrikken




Torsdag var det ein månad sidan eg byrja i ny jobb, og det har vore ein lærerik, kjekk, travel og spennande månad. Ikkje ein dag er lik, om ein ser bort frå sjølve døgnrytmen – det har gjort godt å ikkje jobbe på skift, men å ha ein fast tid å stå opp på, ein fast tid å gå heim frå jobb på. Kvar dag lærer eg noko nytt og oppdagar nye feil eller manglar i utstillinga som eg på eit eller anna vis må fikse. Eigentleg litt artig. Fredag og laurdag var det skaparfestival på jobb, og på grunn av det, var eg på jobb nokre timar i går sjølv om eg ikkje jobbar helg til vanleg. Vinylkutting, symaskinrobot, mikrobitorkester og mykje anna, det var minst ein aktitivitet for kvar ein smak. Skal innrømme det blei kaotisk og mykje lyd når det var ørten skuleklassar inne på fredagen utan eit veldig styrt opplegg, men ein lærer av det også. Eg hadde delansvaret for strikke- og hekleverkstad, klagar ikkje på å få strikke på jobb ;) Broren min tok over leilegheita han nyleg kjøpte på fredag, og i går blei det flyttelass og i dag vasking. Har fått tid til litt avslapping også, altså. Og resten kan du lese punktvis:

raud bruktfunnkjole og ein einsleg, gul blome
lese I Kissed Shara Wheeler, den tredje boka frå Casey McQuiston 
soloppgang i nabolaget då eg gjekk til bussen onsdagsmorgon
"Top 10 Hauntingly Beautiful Songs in Musicals" – blir aldri lei når Rent blir nemnt
ha med kake på jobb, ho eg er vikar for hadde nemleg sin siste dag før permisjon 
teikneserieromanen Forår i Tjernobyl var ei heilt eiga leseoppleving
ete ute i Sandnes etter jobb og før orkesterøvinga på tysdag
prate om strikking og synge på ein Kaptein Sabeltann-låt i lunsjpausen i lag med ein kollega 
nye episodar av Grantchester ligg no ute på NRK Nett-TV
lyset på himmelen sett frå togvindauget ein av dagane 
må smile av Pokémon-figuren og Good Omens-sitatet som henger på kontordøra til mannen min
ler høgt av den nyaste Kongen befaler-sesongen som no har byrja
Jonnas vlogepisode som ho la ut førre veke – hunden Nanook er eit ordentleg sjarmtroll
lage sjokolademedaljar til vertane på jobb
strikke vidare på Markatoppen då det var skaparfestival
og sjå alle dei kule og fargerike tinga ein kan lage ved hjelp av ein 3D-skrivar
høyre nokon spele filmmusikk, mellom anna frå Narnia-filmane, på eit piano på Bystasjonen
hi, hi, Bailey vil ha senga si tilbake, men det er ikkje så lett med fire kattungar oppi
å lese Merkelig vær i Tokyo gav meg assosiasjonar til filmen Lost in Translation
hjelpe broremann med flytting og utvask 
og etterpå: laurdagspizza og resten av Ringenes herre: Ringens brorskap

Legg igjen ein fin tanke