Rett etter at me hadde vore i minilandsbyen, fann me ut at me skulle ta turen med Babbacombe Cliff Railway, ei kabelbane som tar deg ned til Oddicombe Beach og opp igjen til Babbacombe. Badetøy hadde me ikkje med og bana skulle snart stengje for dagen, så for vår del blei det berre ein liten svipptur ned, sjå litt på stranda og dei fargerike badehusa før me tok bana opp igjen. Babbacombe Cliff Railway opna i 1926 og nærmar seg dimed hundre år. Før me tok bussen vidare, stoppa me opp på høgda og såg utover det grønblå vatnet, dei raude klippene og på eit stort hus høgt, høgt oppe, der måkene kretsa rundt, nesten som eit kråkeslott. Kult å også få med oss ein kabelbanesvipptur.
7. sep. 2022
Kabelbanesvipptur

Abonner på:
Legg inn kommentarer (Atom)
Legg igjen ein fin tanke