Liten sundagstur ute på Lundsneset førre sundag. Blå himmel og heilt herleg temperatur, det same i går då me gjekk rundt Stokkalandsvatnet. Blomar heilt ute ved sjøen, søte sauar på ei grøn eng og ein liten benk ein annan plass kor det er perfekt å ta seg ein pust i bakken. Regnet har derimot bøtta ned i dag, og ein merker at det er haust. Men å få oppleve varme septembersundagar og ta med meg disse som fine haustminne, det kan lyse opp ein slik grå dag som denne måndagen.
Legg igjen ein fin tanke