14. sep. 2022

Fuglar og planetar rundt eit vatn




Store kontrastar på vêrfronten: måndag var det øspøs heile dagen, medan det dagen før var herleg haustsol. Me nytta sjansen til å gå ein passe lang sundagstur, og valet fall på Stokkalandsvatnet i Sandnes. Mange år sidan sist gong me var der, og eg må seie eg hugsa lite av korleis det såg ut. Lite fuglehus midt ute på vatnet og sollyset gjennom ordentleg trolsk tre. Planetstien som startar i Sandvedparken (med ein målestokk på 1: 1 milliard der ein meter på stien er det same som 1 million kilometer i verdsrommet), fortset rundt Stokkalandsvatnet med Neptun og dvergplaneten Pluto.



 
Sauar er alltid ålreite dyr, og ein katt som gjemte seg i sivet, kom og ville helse på oss. Løypa rundt vatnet tar ein også gjennom eit lite bustadfelt, innmari koseleg å oppdage eit lite minibibliotek.




Tok ein liten pause inne i utsiktshuset, Stokkalandsvatnet er nemleg eit freda område når det gjeld fuglar. Formålet er å bevare dette hekkeområdet for våtmatksfuglar. Vatnet låg heilt stille og me kunne sjå skuggane våre i vassoverflata. Delar av den nedlagde Ålgårdbanen ligg rett ved turløypa, og eg gjekk nokre skritt på dei gamle togskjenene. På eit eller anna vis ei kjensle av nostalgi.

Legg igjen ein fin tanke