13. sep. 2022

"...jeg drar, men i hjertet mitt forblir jeg sann" ♟🎶




Ofte i det me skal til å sove, får eg ein eller annan song på hjernen. Temaet frå Indiana Jones-filmane er alltid ein slager, eller så kan det vere eit av stykka me nyleg har spelt i lag med orkesteret. At musikk er ein stor del av livet mitt, er vel heva over all tvil. Om eg ikkje har dei på hjernen når eg skal sove, er det songar eg kan nynne på dagleg og aldri bli lei. "Anthem" er ein slik song. Heilt sidan eg var med på å sette opp musikalen Chess på vidaregåande for femten (!) år sidan, er dette ei låt ei kan høyre om og om igjen. Ei låt der ein fortvila mann syng om sitt fedreland, eit land han alltid vil ha med seg i hjartet sjølv om han sjølv ikkje lenger kan bu der. Originalen på engelsk kan eg utanåt, og det var Tommy Körberg som song den på konseptalbumet frå 1984. Å høyre han syngje den på svensk med tittelen "I mitt hjärtas land" er nesten endå sterkare. For fire år sidan spelte me den med orkesteret. For to år sidan fekk me endeleg opplevd musikalen på norsk på Folketeateret, ogAndré Søftelands stemme ber den norske versjonen like bra som den engelske og den svenske.

Legg igjen ein fin tanke