5. sep. 2022

Balkonglesing om kveldane




Seinsommarkveldar og også desse tidlege septemberkveldane ute på balkongen. Under eit teppe og med kvar vår bok i fanget. Me har verkeleg nytta sjansen fleire av kveldane dei siste vekene til å berre slappe av ute på balkongen ei lita stund før leggetid. Lyslykta, eller lanterna om du vil, frå Holmegaard skin så flott. Og ein av kveldane, før det verkeleg byrja å skumre, åt me kvar vår bananmuffins som ein liten dessert. Sukk, slike rolege kveldar. Kvardagen på sitt beste.

Legg igjen ein fin tanke