16. sep. 2022

Fascinerande runde i eit stort hus


Sniktitt inne i feriehuset til Agatha Christie. Før helga tar til, har eg lyst til å vise tre bilete frå ei anna helg, tilbake til juli og sommareferien. I mine auge var det å besøke Christies ferieheim Greenway House i nærleiken av Torquay eit av feriens absolutte høgdepunkt. Du kan tru eg tok mange bilete og eg har enno ikkje heilt sortert dei alle. Inne i det eine rommet, var det ei bokhylle full av bøkene hennar på mange forskjellige språk, ja, eg såg til og med ei norsk utgåve. Huset er fullt av gamle ting, for både Agatha og fleire i familien hennar samla på antikvitetar og spesielle ting frå reisar og liknande. Eit måleri av ho som fireåring på ein vegg i lag med pynteservise og eit skap med fargerike klede, er berre ein liten brøkdel av alle detaljane som fanga merksemda vår. Fascinerande og spennande å gå rundt frå rom til rom og berre sjå. Og ja, det kjem fleire bilete etter kvart. God helg!

Legg igjen ein fin tanke