11. sep. 2022

Annleisveke




Ikkje for det, kva er ei normalveke kontra ei annleisveke?! Eg har ikkje noko godt svar på det, men med avdelingssamling heile måndag, stengt museum på tysdag for fleire møte og litt vedlikehald, grasenke frå måndag til onsdag, konsert på torsdag (omtrent då droninng Elizabeth II gjekk bort) og ein tur rundt eit vatn me ikkje har gått rundt på aldri så lenge, har det ikkje vore ei heilt normal veke. Likevel byrjar eg å komme inn i ein ny kvardagsrytme, og det gjer godt å kunne stå opp til same tid kvar dag (om ein ser bort frå helgene: sover littegrann frampå då, ja). Lesetid både fram og tilbake jobb og her heime er det kvar dag, og også det gjer godt. Superroleg laurdag og ein bra sundagstur i dag, ei ny veke er snart i gong. Må berre poste ei aldri så lita vekesoppsummering:
 
druer, gode havrekjeks, kaffi og De kom til Bagdad, ein ordentleg spionroman 
stiligaste golvteppet oppe ved dominobana på jobb
"I'll Make A Man Out of You" frå Mulan på norsk i ein ny episode av Beat for beat – så himla kult! 
måndagens kontorutsikt: seilbåt rett ved Utstein kloster hotell der me hadde avdelingssamling
og kjekt med ei omvisning på sjølve klosteret utpå ettermiddagen, sjekk ut vindauget
fargerike og flotte linotrykk
høyre María Dueñas spele Dvoráks fiolinkonsert i lag med SSO
ha på med den raude sommarkjolen som eg kjøpte på ein bruktbutikk i Brixham
blir varm om hjartet av å sjå traileren til sesong tre av All Creatures Great and Small
ete ute på restaurant i lag med kollegaene mine etter måndagens avdelingssamling
endå meir balkonglesing, herleg å nyte septembersola
Haru er like sjarmerande og nusseleg i denne videoen som i alle dei andre
lese på togstasjonen om morgonen med solskin og skuggespel
togskjene ved Stokkalandsvatnet, heilt herleg å gå ein tur der i dag 
mjuke, kvite dottar på ein knallblå himmel
"Top 10 Best British Musicals" – så mange bra, og nr. 1 er ein av mine favorittar (hint: ballett)
lese ut The Reading List, for ei nydeleg bok! 
laurdagspizza og byrje å sjå den fyrste Ringenes herre-filmen
ha, ha, ler godt av denne IG-kontoen full av Pingu som forskjellige bokklassikarar
kaffi og blått prosjekt på strikkepinnane, kjekt å få tid til mykje strikking i løpet av veka
lærerikt og interessant å lese om fire kvinnelege forfattar som fortener ein plass i litteraturhistoria

Legg igjen ein fin tanke