22. sep. 2022

Woodland Walk på veg til eit praktfullt feriehus




Tidlegare gjekk det an å ta den historiske togturen mellom Torre og Kingswear for å komme til Greenway House, ferieheimen til Agatha Christie. Ikkje heilt fram, men toget stoppa ved Greenway Halt, berre snaue tjue minuttar å gå. No er det anten bil eller taxi som gjeld om ein vil heilt fram, noko som kostar og me tok difor buss til Churston og gjekk frå busshaldeplassen og langs Greenway Road. Ordentleg sommartemperatur og fyrste delen av turen gjekk langs bilvegen, men etter kvart kunne me ta å gå i skuggen på ein sti parallelt med bilvegen. Alt i alt ein bra tur, og det var så verdt det! Etter å ha komme oss inn på området, utforska me hagen med fargerike blomar og eit oransjeri.






Før me i det heile tatt kom oss inn i sjølve huset, måtte me stoppe endå ein gong – så klart kunne me ikkje la vere å helse på denne katten. Så glad for å bli klappa! Me trudde den høyrde til på området, med halsband og alt, men ho eine som jobba der kunne fortelje oss at nei, det er naboens katt. Vidare fortalde ho at katten er så glad i gartnaren, og at den tusla rundt ved Greenway og berre venta på at gartnaren skulle komme heim frå ferie. Tihi, for ein storsjarmør i mjuk pels.

Legg igjen ein fin tanke