2. sep. 2022

Dagstur til Torquay


Tanken var jo å bu midt i Torquay då me drog frå London til Devon. Det blei heller Paignton, ein av nabobyane. Men ein dagstur til Torquay fekk me til der me mellom anna var innom den miniatyrlandsbyen. Stilig paviljong og eit stort pariserhjul, bryllaupshelsing på stranda og båtlivet, trass mange folk og travle gater, var det litt koseleg å rundt og berre sjå oss omkring.




Mellom Paignton og Torquay er det enkelt å berre hive seg på eit tog, for stoppa er rett etter kvarandre. Fargebruken og ornamenta på Torquay togstasjon, så nydeleg! For å komme oss vidare til neste stopp, tok me bussen, og medan me venta, traska me i ein liten park rett ved busstoppet. Benkar rundt ein minikanal og nokre palmar innimellom, det var jo nesten som å vere i syden.




Bussen tok oss til Torquay Museum. Museet har fleire forskjellige utstillingar, alt frå historiske piratar i forskjellige land til Titanic, ei avdeling for arkeologi og eigentleg litt hummar og kanari. Aller viktigast: ei eiga Agatha Christie-utstilling (og jepp, det var grunnen til at me var på museet). Å, det var ikkje lov til å ta bilete av sjølve hovudutstillinga, men eg kan seie det sånn at det var stor stas å mellom anna få sjå David Suchets spaserstokk, den originale som han brukte då han spelte Poirot i TV-serien! Las om bøkene hennar og fleire av adapsjonane, såg andre stilige kulissar frå TV-serien og fann ein magnet og eit postkort som suvenir i museumsbutikken. Åt kvar vår scone med clotted cream og litt syltetøy, han hadde te og eg hadde kaffi. Til middag den dagen åt me god moussaka på ein gresk restaurant i byen før me tok toget tilbake til Paignton og koselege Earlston.

Legg igjen ein fin tanke