6. sep. 2022

Klostertur med jobben




Starta veka på Utstein kloster hotell på Mosterøy i går. Eg var der med jobben og dagen inneheldt møte, gruppearbeid, god luns, planlegging og gode diskusjonar. Etter kvart gjekk me den dryge kilometeren bort til Utstein kloster, Noregs einaste bevarte klosteranlegg frå mellomalderen.
 

På klosteret fekk me ei omvisning av ein guide som tok oss både gjennom klosterbustaden og kyrkja. Mellom alle desse veggane ligg det mykje historie, og det var kjekt å få vite meir og ta ein titt på alle detaljane. Tapetet inne i heimen er ein tru kopi av slik det såg ut for mange hundre år sidan – ein bit av originaltapetet er ramma inn på den eine veggen – og den gamle bestefarsklokka i hjørnet sendte meg tilbake til ei anna tid. Ein lærerik og bra måndag med middag ute på restaurant til slutt.

Legg igjen ein fin tanke