Innehelg her heime, akkurat som dei fleste andre. Ikkje så lett å vite kva eg ska skrive, for alt dette her er veldig rart. Det er unntakstilstand, ein heilt ny situasjon. Men me tar dag for dag, finn fram gode bøker, pusler eit puslespel, heimekontor (for hans del), høyrer bra musikk og ser ein morosam film. Innimellom strikkar eg litt med det nydelege garnet frå Pickles og koser meg med fleire episodar av The Great British Bake Off. Eg ser så mange gode initiativ på Facebook no om å hjelpe kvarandre, støtte ein artist via Vipps og livekonsert, og eg lurer på å gjere det i kveld. Håper me klarer å stå saman om dette, gjere "den aller største dugnaden" som Ida skriv. Snart er det middag her, og sjølv om det har vore ei rar veke, har samla mykje fint som eg ønskjer å dele med dykk:
✦ kvardagsglede: tørka blomar i ei lita vase ståande på den nye baderomshylla vår
✦ heimelaga latte og Mord på Orientekspressen, Poirot og gjengen, altså
✦ "Den aller største dugnaden" – takk, finaste Ida, for eit kjempebra innlegg som alle bør lese no
✦ ein kunde som skryt av at me badevakter er tålmodige
✦ og ein annan som skryt av at me er oppvakte og ikkje redd for å gi beskjed
✦ me treng alle å le litt, og særskilt no, så her er det beste av Ylvis frå Kongen befaler
✦ pusle, drikke kaffi og ete ein makron (ser du makronen på makronen?!)
✦ siste episode av den walisiske, herlege serien Stella – det fall nokre tårer, ja
✦ tårene rann også då eg høyrde den norske versjonen av "I Know Him So Well" på Beat for beat
✦ det var Karoline Krüger og Marion Ravn som song og eg gleder meg sånn til å sjå Chess
✦ "Living slow and staying wild" – Rania har skrive ein flott tekst om det å leve meir bevisst
✦ te i eit søtt krus, lese ei bok og vere pakka inn i eit sennepsgult ullteppe
✦ sei "hei" til finaste Mirabelle Bianca Lanie
✦ hente ein god haug med bøker frå biblioteket før dei stengde
✦ lese Før plogen din over de dødes knokler av Olga Tokarcuk, litteraturprisvinnaren i 2018
✦ ha, ha, memes frå The Princess Bride som går rett inn i skildringa av dei fire Galtvorthusa
✦ regnet på ruta tidlegare i dag, på ein måte grått og trist, på ein annan måte noko klart og fint
✦ kan jo drøyme om å reise av garde til Blenheim Palace, Downton Abbey og The Cotswolds
✦ dachshundkvalpane, og så klart Loulou, er framleis like søte og artige (her er endå ein)
✦ fuglane som har kvitra kvar dag denne veka når eg har sykla til jobb tidleg om morgonen
✦ kjøpe eit par makronar på tilbod til helga
✦ laurdagspizza, Kompani Lauritzen på skjermen og eit spørjespel før leggjetid
5 fine tankar - legg igjen noko fint du også
Atter en gang, tusen takk for at du deler ♥ Og kjempefin søndagsliste som vanlig ;) Jeg elsker Mordet på Orientekspressen, men har aldri lest den. Det er alltid hyggelig med kunder som bidrar til å gjøre dagene ekstra fine. Den norske versjonen av I know him so well var bare helt nydelig! Og jeg skulle gjerne ha vært på den rundturen i England (dog uten virus :P ) Jeg har forresten vært på Downton Abbey-slotten. Highclere Castle, det er nydelig fint der. Stor fredagsklem fra oss.
Jeg har forresten prøvd å kommentere på bloggen din flere ganger denne uka. Først nå når jeg valgte å bruke googlekontoen min gikk det gjennom. Men da kommer ikke navnet med :/ Men heldigvis vet du jo hvem jeg er ;)
Downton Abbey-slottet, så kult! :D Rart at det ikkje går an å kommentere, har ikkje vore eit problem før... Hm, testar ut no å kommentere med namn og nettadresse (ikkje Google-konto), og det ser no ut til å funke. Vel, vel. Takk for at du uansett legg igjen ein liten tanke og varme klemmar her, eg set så utruleg stor pris på det ♥
Jeg prøver å kommentere på nytt igjen med navn og nettadresse nå ;) Kanskje det er pcen min som har gjort noen rare oppdateringer og innstillinger. Og gjett hva, det funket med en gang jeg byttet nettleser. Hmmm, hva er det Chrome har funnet på nå da...?
Tihi! ;) Kjekt å høyre at det blei betre då du bytta nettlesar :)
Legg igjen ein fin tanke