1. mars 2020

Nordisk meisterskap i svømmehallen

Heile helga har gått med til jobb, og denne gongen har det vore nordisk meisterskap i undervannsrugyby. Under slike stemne er det stengt for publikum, og me er fyrst og fremst på jobb for å drifte anlegget og halde det reint, me er ikkje badevakter. Kjekt med variere kvardagar og helger. Starta veka med to fridagar, og då blei det – som vanleg – ein god del lesing. Har slappa av med The Great British Bake Off før det braka laus på jobb på onsdag. Ein av dagane var litt ekstra tung sidan det då var fleire kundar som klaga på alt mogleg. Prøver å ikkje la det gå innpå meg, men det er lettare sagt enn gjort. Men helga har no vore kjekk i alle fall. Kjem nok til å sove godt i natt, for det blir ein del timar på jobb under eit stemne som dette. Ein, to, tre, oppsummering:

✦ stjernegalleri og generelt ein bra film, den nyaste frå Tarantino Once Upon a Time in Hollywood
✦ lunsjpause på kafé i går i lag med ei av mine beste veninner
✦ gå til jobb og sidan svømme og dykke i samband med eigentreninga
✦ "I'll Be There For You", tittelmelodien frå Friends, i ein kul versjon frå 1920-1990
✦ litt forutsigbar krimbok, men eg likte likevel å lese Bare deg
✦ vakkert bryllaup i Lofoten med bilete tatt av Matilda
✦ kult å sjå litt på eit par av kampane no under nordisk meisterskap i undervannsrugby
✦ "Vi må huske å være snille mot hverandre" – takk for eit varmt og godt skrive innlegg, Ida
✦ svaner, ender, måker og ei herleg vårkjensle ved Mosvatnet i starten av veka
✦ tinge god middag til jobben i går og kose oss med ein latte og litt heimebakt kake i dag
✦ cellisten Hauser med ein knallfin versjon av "Nessun Dorma"
✦ Ruth Hogan har skrive godt og med litt humor om drukning og sorg, nye venar og ny byrjing
✦ snøklokker langs ein grøftekant på veg til jobb
✦ det beste av Calle i programmet Kongen befaler – her er det mykje å le av
✦ svømmehallen har ein særeigen arkitektur, og den er stilig mot den himmelblå fargen
✦ kan ikkje anna enn å smelte litt når ein ser ein videosnutt av denne gjengen
✦ ull frå Kari Traa og sol i andletet
✦ nokon søtnosar som er glade i snøen
✦ dei alltid kule meldingane rundt omkring på Amfi Madla, til dømes "Gudlarina, så fjonge!"

2 fine tankar - legg igjen noko fint du også

Ida sa...

Kjempefin liste som vanlig ;) Og takk for at du deler, igjen ♥ Varm klem til deg.

Silje sa...

Du er den finaste, Ida! Takk for alle kjekke ord, klem rett tilbake ♥

Legg igjen ein fin tanke