2. mars 2020

Grøn og skjønn måndag

For eit par dagar sidan fann eg desse tre garnnøsta i postkassa vår. Eg har nemleg lenge hatt lyst til å prøve ei av strikkeoppskriftene frå Pickles, og no er eg i gong. Eller, eg er berre halvvegs med prøvelappen, så dette kjem til å ta tid. Lang tid og sikkert ikkje utan prøving og feiling. Men sjekk ut fargen! Ein heilt nydeleg grønfarge, litt moseaktig og i forskjellige nyansar. Grøn er ein farge som eg tidlegare ikkje likte noko særskilt, men som eg har blitt meir og meir glad i. Det heiter jo også at "grønt er skjønt" ;) Elles blir det litt meir kaffi før eg stikk av garde til kveldsvakta. God måndag!

Legg igjen ein fin tanke