18. mars 2020

Luftetur

Luft. Kjenne den friske vårlufta, luft under vengene, lufte tankane. Ikkje så enkelt å vere sosial på den måten me pleier, men eg tenkjer det er desto viktigare for oss alle å komme oss ut. Gå ein liten tur, ikkje berre sitje inne. For dei av oss som kan, vel å merke. På måndag tok eg på meg turtøy og gode joggesko og traska ein tur opp til Vålandstårnet og vidare ned til Vålandsskogen (eller Vålandsparken, kjært barn har mange namn). Eg hadde god ting, og det er når ein har god tid ein plutseleg legg merke til alle detaljane. Den grøne, smale og fine døra, den like grøne benken der ein kan sitje og nyte utsikta over byen, taksteinen på tårnet, det brune lauvet på trea som snart kjem til å bli grøne, gul krokus i det grøne graset. Glede i slike små ting, kjenne at det går bra trass i alt det surrealistiske. Pust inn, pust ut, me klarer dette saman. På avstand, men saman.

Legg igjen ein fin tanke