19. mars 2020

Slike dagar

Ikkje så grått ute i dag som det var i slutten av førre veke, heldigvis, men det er gråare ute i dag enn det var i går. Slikt gråvêr gjer noko med humøret, eg kjenner det i alle fall sjølv. Veka er også blitt annleis enn det me trudde, og eg skal ikkje innom jobb før laurdag og sundag. Prøver å finne lyspunkt oppi det heile: eg les mykje (har heldigvis mange bøker eg kan lese her heime, både frå bokhylla og på lesebrettet), eg tar fram diverse frå hobbyeska mi, ser ein episode og tre av favorittseriar, gjer husarbeid, går ein tur ute når sola tittar fram. Med andre ord går det både opp og ned, noko eg trur det gjer for mange av oss. Det gjer godt å skrive det ned her, eit par ord og setningar no og då. For det er ikkje noko tvil om at det er ei merkeleg tid me er inne i no. Eg trur me treng å lufte tankane, me treng å vise at ikkje alt er greitt, for det er slik me kan finne trøyst.

4 fine tankar - legg igjen noko fint du også

C sa...

Veldig sant, bra skrevet! Fant bloggen din nå nylig og synes dette er et veldig trivelig sted å være på internett. Så tusen takk til deg for at du skriver. Spesielt i disse tider der vi alle kan trenge fine og trivelige nettsteder :)

Silje sa...

Sender deg ein stor, varm klem! Tusen takk for ein kjempefin og herleg kommentar, kjekt å høyre at nokon les det eg skriv ^^ Håper det går greitt med deg og dine i denne rare tida som me er inne i, ønskjer deg ei god helg! :)

Unknown sa...

Jeg bruker også å bli påvirket av gråvær - slapp i kroppen og slapp i sinnet. Men nå blir det jo ekstra av det på grunn av denne rare og tunge tida. Sender deg en god og varm klem ♥

Silje sa...

Veit akkurat kva du meiner, sender ein god laurdagsklem rett tilbake ♥

Legg igjen ein fin tanke