24. mars 2020

Ute for å kjenne sola varme i ein snodig vår

Tilbake på jobb, men det er ikkje den same kvardagen. Me har nok å gjere, så det går seg nok til, men det er rart at det ikkje er ein einaste person i bassenget, ingen som står i kø foran billettluka, ingen som klagar på det plutseleg er kaldt vatn i dusjen. Dei siste dagane har det vore veldig vindfullt i byen, og eg tenkjer det var så godt å komme seg ut førre veke då sola stod høgt på himmelen, sola som varma både andletet og humøret. Vannassen med alle svanene, måkene og endene, Vålandsskogen med brunt, raslande lauv som snart kjem til å falle av til fordel for alt det grøne og ein tur i nabolaget der desse vakre, blå blomane titta fram. Flotte vårdagar i ei snodig tid.

2 fine tankar - legg igjen noko fint du også

tea sa...

Ja, det er virkelig en snodig tid nå. Fine bilder! Håper du koser deg på jobb!

Silje sa...

Fine deg, tusen takk! Rare dagar på jobb som eg skreiv, men det går seg til. Sender deg ein varm klem! <3

Legg igjen ein fin tanke