6. mars 2020

Ute akkurat no 🌱🌸

Fredag og fridag. Sjølv om planen i dag var å lese mykje, måtte eg stikke ut ein liten tur. For sola skin som aldri før, og med tanke på regnvêret som er meldt frå sundag av, måtte eg nytte sjansen no i dag. Å, det er berre så herleg at det er lysare dag for dag, at det byrjar å bli varmare i vêret og eg ser det blir grønare ute. Litt etter litt. Ute på min bittelille spasertur tidlegare i dag såg eg lilla krokus, kvit krokus og endå fleire snøklokker. Sola skein på dei, og slik glødde alle litt ekstra. Få planar resten av kvelden, kanskje litt strikking, i alle fall lesing. Fredag, fridag, vår og helg.

2 fine tankar - legg igjen noko fint du også

Ida sa...

Herlighet så vårlig dere har det ;) Jeg misunner dere tilgangen på alle de fine vårblomstene. Her oppe er det full vinter enda. Dog litt mildvær denne helga.

Silje sa...

Ute bøttar det ned akkurat no, så vêret er nokså varierande. Men ja, våren er verkeleg på veg og det gjer så godt! :D

Legg igjen ein fin tanke