4. mars 2020

Bøker langs jobbvegen min

Syklar forbi ein slik gammal, raud telefonkiosk nesten kvar einaste dag. Tidlegare har den berre stått der, aleine, som eit minne frå ei svunnen tid. No kan den få skine på ny, for førre veke opna den som ein lesekiosk. Rundt om i heile landet har Sparebankstiftelsen og Foreningen les! gått saman om å lage bokbytteplassar og "lesekioskar" i dei gamle, raude telefonkioskane. "Gi en bok – ta en bok" er mottoet. Eller var det omvendt?! Uansett. Sånt varmar bokhjartet mitt. 


På veg heim i dag, stoppa eg, gjekk eg av sykkelen og opna døra til telefonkiosken, no lesekiosken, som står på Kannik. Hi, hi, eg måtte jo sjå kva bøker som står der inne. Fleire av bøkene kjem frå biblioteket i byen. Eg fann blant anna Den trettende fortellingen av Diane Setterfield (å, eg hugsar spenningskjensla eg fekk då eg las den boka), ei Guinness World Records-bok, Heksen av Camilla Läckberg og Da Vinci-koden av Dan Brown. Bøker av Karl Ove Knausgård, Herbjørg Wassmo og Cecilia Samartin såg eg også. Stilig idé, det at noko gammalt kan bli til noko nytt.

2 fine tankar - legg igjen noko fint du også

Ida sa...

Dette likte jeg ;) Sånn her skulle vi hatt i Tromsø også. Vi har dog en nabo som er veldig flink til å legge ut bøker i fellesarealene når hun har lest de ferdig. I går fant jeg en bok i den haugen som jeg har vurdert å kjøpe lenge. Man blir så glad av at folk deler på den måten ♥ Håper du har en fin helg og koser deg masse ;)

Silje sa...

Slike fine folk, altså ♥ Å dele bøker og leseopplevingar er noko i alle fall eg set pris på! Helga har til no vore veldig herleg, akkurat passe produktiv og avslappa ^^

Legg igjen ein fin tanke