13. mars 2020

Bokhaug og eit par tankar

Ordentleg vårdag ute med sterkt solskin, knallblå himmel og frisk vind. Herleg å sykle fram og tilbake jobben, særskilt på veg heim då eg fekk kjenne vårsola varme meg i andletet. Det flotte vêret står i stor kontrast til stemninga i resten av byen, resten av landet. Færre folk i gatene, fleire butikkar er stengde, og det same gjeld svømmehallen. Me har ei lang og god liste med forskjellige vedlikehaldsoppgåver, så det er nok å gjere sjølv om bassenget er stengt for publikum. Biblioteket er også stengt, men heldigvis fekk eg henta denne haugen som venta på meg dagen før dei stengde. Gleder meg til å ta fatt på desse bøkene, prøve å kople av og ikkje uroe meg altfor mykje. Ta vare på kvarandre, hald deg inne om du kan og rekk ut ei hand til dei som treng det. Varme tankar frå meg.

Legg igjen ein fin tanke