8. mars 2020

Godt med eit par fridagar

I motsetnad til førre helg, har denne helga vore svært roleg. Og eg har nytt det! For eg skal ikkje leggje skjul på at det har vore lange og travle dagar på jobb, nokon meir kjipe enn andre. Slik er det når ein god del av jobben er ha kontakt med kundar; eg liker kundeservicebiten veldig godt, men av og til er den delen noko vanskelegare. Heldigvis er det mange gode kundar, og ikkje minst gode kollegaer. Med ein lesekiosk langs jobbvegen og mykje bra musikk medan med har ope for publikum, har det også vore kjekke dagar denne veka. I løpet av fridagane mine har eg lese mykje, kost meg med kaffi, vore ute for å kjenne sola i andletet, strikka og pusla (okei, ikkje samstundes), sett The Great British Bake Off, høyrt på roleg musikk – Enya er alltid ein av artistane eg kjem tilbake til – og til slutt: gratulerer med dagen, alle gode, sterke, fine, kule, morosamme og flotte medsøstre! Eg er ikkje den som ropar høgst eller er veldig politisk av meg, likevel: ein feminist er eg uansett. Me har komme langt, men me har framleis ein lengre veg å gå. Lita liste før leggjetid:

✦ tårene berre rann og rann då eg las slutten av This Is How It Always Is, for ei bra bok!
✦ Coco, den av kvalpane som kjem til å framleis bu hos familien til Loulou
✦ og så denne lille tassen, ein av dei minste
✦ roleg helg etter travle dagar på jobb
✦ krokusane ute rett i nabolaget
✦ ser kult ut å ta ein liten togtur på Isle of Wight
✦ sat og småhumra for meg sjølv då eg såg den fyrste episoden av Kompani Lauritzen
✦ Jonna har laga ein ny versjon av "Vargsången" frå Ronja Rövardottar, for ein vakker versjon
✦ knallfin veggkunst på Kannik skole
✦ telefonkiosken, no lesekiosken, som eg syklar forbi nesten kvar dag
✦ ein enkel variant av key lime pie, noko eg kan prøve neste gong eg ønskjer å bake ei kake
vakkert nøste frå Pickles: garnet er Pickles Merino Tweed og fargen heiter Lønneblad
✦ stikke på eigentreninga (sjølv om eg hadde fri) i lag med ein kollega frå Gamlingen
✦ gå tur med sekk på ryggen, han og eg, til ein større matbutikk ein stykke unna for å handle litt
✦ "Sånt eg saknar frå London" – ei herleg liste inne hos Hjartesmil
✦ byrje å pusle eit nytt puslespel i lag med mannen min
✦ og byrje på sjølve strikkeprosjektet, ikkje berre prøvelappen
✦ suite frå klassikaren Blade Runner
✦ kom ikkje så langt i Melkemannen før eg leverte den tilbake, men omslaget er berre superfint
✦ morgonar i lag med mannen, ein god kopp kaffi og P9 Retro på radioen

2 fine tankar - legg igjen noko fint du også

Ida sa...

Kjempefin liste, som vanlig ;)

Silje sa...

Liker godt å oppsummere vekene på denne måten, og alltid kjekt å høyre at andre også set pris på det ;)

Legg igjen ein fin tanke