25. mars 2020
"Møter jeg et barn, så møter jeg et menneske"
Kjekk dag på jobben i dag, og det tar eg med meg heim, for alle gleder tel no. Eg kjenner i alle fall at det er viktig, om det så er ein god kopp kaffi eller vårteikn ute langs jobbvegen min. Andre ting som gleder meg no, er bra bøker. Ei av dei siste eg har lese, er ei ny faktabok for barn om forfattaren Anne-Cath. Vestly. I år er det hundre år sidan ho blei født, og mange av oss er vakse opp med forteljingane hennar. Agnes-Margrethe Bjorvand har skrive ei flott bok om heile livet til Vestly med eit enkelt språk og små "visste du at..." på kvar side. Hans Jørgen Sandnes står bak illustrasjonane, og eg synest det er ordentleg stilig at det er blitt brukt gamle bilete og laga illustrasjonar rundt desse. Og så fint å sjå Knerten titte fram gjennom heile boka. Sjølv har Anne-Cath. vore med meg gjennom heile oppveksten min. Eg har lese alle bøkene – mange av dei fleire gongar – og då særskilt bøkene om Knerten og bøkene om mormor og dei åtte ungane. I tiande klasse skreiv eg særemne om Guro-bøkene, og i studietida mi på UiA, laga eg ei nettside om Vestly i emnet digital formidling. Alle bøkene har kanskje ikkje like aktuelle i dag, men Vestly var no forut for si tid då ho skreiv direkte til barn om at dei ikkje kjem med storken, om pappaen til Aurora og Sokrates som er heime, om barn i rullestol og om mammaen til Guro som er vaktmeister. Å ta barn på alvor var noko av det Vestly var veldig opptatt av, og det kjem tydeleg fram i bøkene hennar. Kjekt å lese faktabøker for barn og unge når dei er så fine som denne. Og så tar eg fram eit av mine absolutte favorittsitat: "Hverdager er de flotteste. De er fulle av eventyr.". Tusen takk, finaste Anne-Cath.
Abonner på:
Legg inn kommentarer (Atom)
Legg igjen ein fin tanke