21. des. 2018

Vintermorgon og vinterkveld

No i desember har det vore kaldt mange av dagane, og me har fått oppleve flotte soloppgangar og -nedgangar. På veg til jobb på tysdag måtte eg berre stoppe å sykle for å sjå opp på den lilla himmelen. Eller, ikkje berre lilla, den var litt mørkeblå, rosa, gul og oransje også. Og så stjerna i vindauget, ordentleg julestemning. Ein dag då eg tok bussen frå jobb førre veke, var det solnedgangen eg fekk sjå. To vinterbilete, ein om morgonen og ein om kvelden, begge like magiske.

Legg igjen ein fin tanke