2. des. 2018

Sundag, desember og advent

Håper du til no har hatt ein fin sundag, den fyrste i advent. Her koser me oss med ei bok og presskannekaffi, julemusikken står på og eg byrjar å kjenne at jo, no er desember her. Veka har gått i eitt med fleire seinvakter på jobb, flotte frostmorgonar, juletapas med dei nærmaste kollegaene, bowling dagen etterpå med endå fleire frå jobb, lesing, gjensyn med Downton Abbey og meir lesing. Neste veke blir det julekonsert og sosial kveld, så det vil nok bli endå ei veke med mykje fint. Akkurat slik eg ønskjer desember skal vere – passe sosial og passe roleg, berre meg og ei bok. No i kveld blir det middag heime på Sola. Mange kjekke punkt i sundagslista rett under:

✦ viktig med ein kaffipause på kafé med noko søtt attåt
✦ bli veldig rørt og gråte til julespesialen (sesong fem) av Downton Abbey
✦ å endå ein gong oppdage (for meg) ny gatekunst midt i sentrum
✦ littegrann frost på eit blad ein av morgonane då eg var på veg til jobb
✦ bowling med jobben på ein heilt vanleg torsdag, og mitt lag vann ;)
✦ stilig idé til korleis ein kan lage lysestake av leire, funne inne hos Wonderwood
✦ når mannen pyntar til jul, blir det nissekonferanse på bordet i stova
✦ alltid kjekt å besøke Roald Dahls si verd, denne gongen ved å lese Georgs magiske medisin
✦ fin oppdekking og (på eit bilete litt lengre ned) mykje god mat då me hadde juletapas med jobben
✦ grisen Dragonlord som trur den er ein katt
✦ sjå Beauty & the Beast, den frå i fjor, for andre gong
✦ byrje på årets julekortskriving
✦ kamerastroppen som eg fann på denne Etsy-butikken
✦ lese ut Fordi Venus passerte en alpefiol den dagen jeg blei født på ein kafé
✦ nydeleg soloppgang ved Mosvatnet som farga himmelen rosa
✦ frosten om morgonen
✦ UiS sin julekalender
✦ bruke ein av gjenbrukskjolane eg fann i Canada då eg skulle på juletapas på onsdag
✦ og apropos Canada: så digg å setje av tid til å mekke meir på fotoboka
✦ adventsstaken i kjøkkenvindauget er på plass

2 fine tankar - legg igjen noko fint du også

tea sa...

ÅÅ, jeg må få sett Beauty and the Beast snart! Takk for påminnelsen. Og haha, nissekonferanse. Det burde alle ha i stua i desember. Mye fint på søndagslista di denne uken også. Håper du får en fin uke, Silje <3

Silje sa...

Lenge sidan eg har sett teiknefilmen, men eg må seie at eg liker godt den frå fjor :D Og elskar songane! Ja, den der nissekonferansen berre måtte eg ta bilete av, synest det heile var veldig morosamt! Takk, det same, Ida <3

Legg igjen ein fin tanke