16. des. 2018

Mykje godt og blanda i midten av desember

Hei og hå! Litt av ei helg som starta med middag fredagdskveld ute på Kitchen & Table for å feire ti-årsdagen vår før me tok nattoget til Oslo, åt god frukost hos eit venepar og utpå kvelden såg The Book of Mormon. Me lo slik at tårene trilla, og det var nesten betre no enn i fjor! Diggar den musikalen, altså! Meir dei tjuefire timane i Oslo kjem etter kvart, for det har også vore andre ting på planen denne veka, blant anna var me ute på kino på tysdag for å sjå Fantastic Beasts: The Crimes of Grindelwald. Eg har lese mykje, både her heime og på toget, me har byrja på eit nytt puslespel og sett ein julefilm og to. Noko som ikkje er fullt så kjekt er at eg går inn i mi siste ordinære veke på jobben, for vikariatet går ut. Rart, men det er no slik det er, og så får me sjå korleis det blir utpå nyåret. Trur no likevel at jula blir fin med mykje hygge, lesing, fine folk og julekos. Ser det blir mange punkt på sundagslista også denne veka, så det er vel berre til å starte:

✦ fann ein pen julepynt av glas til å ha vindauget på bruktbutikken NMS Gjenbruk
✦ tenne stearinlys kvar morgon og telje ned til julaftan
✦ kakeboksane i klassiske motiv frå Søstrene Grene
✦ altså, det går ikkje an å la vere å smile når ein ser ein liten kattunge som denne
✦ adventsstjerna som lyser opp dei mørke kveldane
✦ og så desse seksten små geitekillingane som hoppar rundt omkring
✦ ein enkel, men fin biografi om Astrid Lindgren (med Aisatos illustrasjonar)
✦ lese ut den koselege Astrid Lindgrens jul med forskjellige julekapittel frå hennar verd
✦ James Corden og Eddie Redmayne med ein trollmannsketsj – dei er så artige
✦ ete ute på Kitchen & Table med han der fine for å feire 10 år som kjærastar
✦ kjekt å endeleg sjå Fantastic Beasts: The Crimes of Grindelwald 
✦ og før me (broren min, mannen min og eg) såg filmen, åt me ute på Døgnvill
✦ om det at å lese litt er betre enn ingenting inne hos Sandra
✦ sjølv om det ikkje blei den beste søvnen, var det koseleg og gøy å ta nattoget til Oslo
✦ gå rundt på senteret og få julestemning av julelysa som dei har pynta med
✦ og diggar Niffler, berre sjekk ut denne videokollasjen frå den fyrste filmen
✦ kaffi på toget medan alt det kvite fauk forbi ute
✦ blir inspirert av Synne som prøver seg fram med symaskina
✦ sjå The Book of Mormon for andre gong, og eg diggar den minst like mykje enno
✦ vere med fine folk på julemarknad i Oslo, ete frukost med dei, prate og ete ute på fin restaurant

2 fine tankar - legg igjen noko fint du også

Sandra - Vardagskonst sa...

Så fint att jag fick vara med här, tack! :)

Silje sa...

Berre hyggeleg! Kjekt å kunne dele slike fine blogginnlegg :)

Legg igjen ein fin tanke