18. des. 2018

10-årsfeiring

Lite tilbakeblikk på fredag då me feira ti år som kjærastar. Me hadde fri på dagtid og brukte tida på å sjå film, leggje puslespel, pakke litt til helgeturen og berre slappe av. Hadde funne ei gåve og to til kvarandre, for er det ti år, så er det ti år. Utpå kvelden tok me på oss finklede, tok bussen ned til byen og åt middag på restauranten Kitchen & Table. Er ikkje så ofte me et både forrett, hovudrett og dessert, men det blei det jaggu meg denne gongen. Veldig god mat, fin atmosfære og bra service. Kjekt å gjere litt stas på oss sjølve! Før me tok turen heim (og sidan nattoget til Oslo), prøvde me å ta eit sjølvknips eller to, men det var lettare sagt enn gjort når det er midt i mørketida. Fekk no til to som var greie nok ;) Slik feira me altså årsdagen vår. Og så svippturen til Oslo så klart!

2 fine tankar - legg igjen noko fint du også

tea sa...

SÅ koselig! Fint å spandere på seg en finere middag, og når man har vært sammen i 10 år, så må jo det feires! Gratulerer! <3

Silje sa...

Me gjer ikkje slikt så ofte, så når ein då har jubileum, er det stas å feire litt ordentleg ;) Tusen takk, kjære deg <3

Legg igjen ein fin tanke